For utstillarar
Det blir høve for næringsdrivande og andre å leiga utstillingsplass i løpet av Gamalostfestivalen. Det er Vik Næringssamskipnad som organiserer utstillinga.
Prioritering av utstillarar:
Frå og med i år vil festivalen prioritere utstillarar innanfor kategoriane:
- Kortreist mat
- Kunst, handverk og tradisjon
- Lokal tilknyting, dvs. Vik kommune og nabokommunar
Organisator av utstillarane vil og ta ei aktiv rolle og invitere inn aktuelle utstillarar som ein meinar høver.
Vidare vil ein og i mykje større grad avgrense utstillarar som ikkje sorterar under dei prioriterte kategoriane. Vi håpar alle har forståing for det.
Påmelding & kontaktperson:
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf. 97 50 78 38 (kl. 10-18)
Ved påmelding trengst følgjande info:
- Kontaktperson
- Tlf. nr
- E-post
- Firmanavn
- Org.nr
- Adresse
- Produkt som skal stillast ut/seljast
- Ynskjer å leiga telt: ja/nei
Pris:
Utstillarar: 600,- pr. dag/ 1000,- begge dagar
Utstillarar, medlem i Vik Næringssamskipnad: 500,- pr dag/begge dagar
Lag og organisasjonar: 0,-
Betalinga skal gjerast opp kontant på laurdag morgon.
Telt:
Vik Næringssamskipnad disponerar ein del telt som kan lånast under festivalen. Ved uttak av telt må ein betale inn eit depositum på kr. 500,- (kontant) som ein får att ved retur av telt samanslått i same stand som ved utlevering. Ver merksam på at ein må setje teltet opp sjølv, og eventuelt sikre det om det er vind. Telta er ikkje regntette.
Uttak av telt: Laurdag morgon kl. 08:00 ved Paviljongen (på sjøsida av vegen mellom Kiosken og bensinstasjonen)
Retur av telt: Laurdag ettermiddag kl. 16:00 ved Paviljongen
Straum:
Vi håpar som tidlegare at vi får lagt ut straum til utstillingsområdet. I så fall blir det nokon få uttak, og den enkelte må ha med seg skjøteledningar. Straumen blir i så fall gratis.
Generell info:
- Bruk av open eld forbode
- Vis varsemd med sigarettar o.l.
- Forurein ikkje natur, ver vennleg og bruk utsette avfallsdunkar
- Sel du noko som vil generer søppel (emballasje, papirkoppar, serviettar osv. så set opp avfallsdunk på standen din)
- Sal av produkt som forureinar miljøet er forbode
- Brannslokningsapparat vil bli satt ut, og markert på kart som vil bli distribuert på laurdagen
Lykke til med utstillinga under festivalen.
Helsing Vik Næringssamskipnad.