0930: Frukost på Vikøyri
Som vanleg steller Tine i stand til Gamalostfestivalen sin frukost i friluft.
Vik Musikklag og vener underheld.
Serveringa startar kl 0930 og held på så lenge det er mat. Dei aller mest svoltne kan gjerne starta dagen med eit knekkebrød ved kjøkendisken slik at så mange som råd får kosa seg med Tine sin frukost. :-)
Langs naustrekkja blir det råd å vitja mange spanande salsboder, og på Granden stiller medlemar frå BMW-klubben ut bilane sine.

1100: Suten opp
Laurdag steller Vik Idrettslag i stand Suten Opp. Løpet går frå Vikøyri og opp Sutastigen til stølen på Skorge.
Suten Opp er eit MOTBAKKELØP og trimtur for heile familien!
- Start trim kl 1100 - 1230
- Intervallstart konkurranseklasse frå kl 1300
- Premieutdeling ved Kristianhus kl 1500
Les meir hjå Vik Idrettslag.
Me gler oss til det som kan bli eit av dei mest publikumsvenlege motbakkeløpa.

1500: Fotball Vik - Florø, 3.div
Vik tek imot Florø til kamp på Vik stadion. Me er spente på korleis Vik greier seg i tredje divisjon, kampen mot Florø blir ein av dei store i sesongen.
1600: Ungdomstilstelling i Blixhalli
WikiBeatz klesser til med ungdomstilstelling i Blixhalli att. Følg med på Facebook.
2100: Bierstube i Vikjahalli
Endeleg er det klart for ølstove med Sognefjorden Tyroller. I mange år har dei vore fast inventar på oktoberfesten i Aurland, no får vikjene høve til å syna aurlendingane kvar Tyrollerskåpet skal stå.

2200: Dans i Vikjahalli
Pryl! klemmer til att med dansefest i Vikjahalli.